--- title: Om PDFreaders lang: nn in_menu: true sort_info: 3 HeaderTitle: Få ein PDF-lesar som er fri programvare! useERB: true direction: ltr ---

Om PDFreaders.org

Denne nettstaden er eit tiltak frå Brorskapet til Free Software Foundation Europe (FSFE). Dei som samordnar prosjektet er Hannes Hauswedell og Jan-Hendrik Peters. Tek kontakt med oss på contact (at) pdfreaders (dot) org om du har tilbakemeldingar.

Om du har lyst til å lere meir om fri programvare og opne standardar kan du ha nytte av desse lenkjene:

Om du vil hjelpa til med å skapa frie, fullkomne, portable bibliotek og program av høg kvalitet som kan handsama PDF-formatet og tilhøyrande teknologiar, kan du bli med å vidareutvikle GNU PDF eller ein av {link: {path: /index/index.html, attr: {:link_text: lesarane på lista}}}.

Om FSFE

<% # Translations of the following text can be found on # http://www.fsfe.org/contribute/translators/wordlist.en.html for # many languages %>

Free Software Foundation Europe (FSFE) er ein ideell friviljug organisasjon som er aktiv i mange europeiske land, og som er involvert i ei rekkje globale aktivitetar. Tilgong til programvare avgjer om ein kan ta del i eit digitalt samkome. For å sikra lik deltaking i informasjonsalderen, og konkurransefridom, søkjer Free Software Foundation Europe å fremja fri programvare, tyda som fridomane til å nytta, studera, endra og kopiera. Samskipnaden blei stifta i 2001 med det føremål å skapa oppmerksemd kring desse sakene, for å sikra fri programvare båe politisk og juridisk, og for å gje folk fridom ved å stø utvikling av fri programvare.